Katti og Pernille skal ha sommarfest og maks gøy! For litt må ein unne seg når ein er åleine og har foreldre som berre sender meldingar, pengar og lite anna. Men kor gøy blir det eigentleg, når søstera til Katti ligg på Radiumhospitalet? Og kven skal få seg kjærast denne kvelden?
I denne lettlesboka for ungdom er Linn T. Sunne som vanleg tett på målgruppa si, og på glimrande vis skildrar ho kjærleik, sorg, vennskap og kjensla av at alt endrar seg.