Ekrheim opnar med denne diktsamlinga opp eit landskap og ei verd som er konkret og gjenkjenneleg, men på same tid merkeleg og uføreseieleg. Dikta tek lesaren med over sjøen, ned i djupet, opp på stranda, over åkeren, inn i skogen. Landskap som med sitt fråvær av menneske får fram ei tidlaus stemning: Ein spade står i jorda, eit hus er forlate, og regnet fell roleg over det heile lesaren kjem stadig inn i etterkant av hendingane.
Dette er Sindre Ekrheims debut som forfattar.