Poesien til CD Wright er mørk, sexy og lada. Den har ein fot i det narrative, og ofte kan vi ane eit forløp, skimte ein situasjon men like fort kan vi miste fotfestet og til dømes undre på kvar ho og han eigentleg befinn seg. Dette er dikt som borer seg djupt ned i eksistensen til eit plan der vald og erotikk ikkje enkelt lèt seg skilje, og der mytologi kan oppstå.
For første gong på norsk. Gjendikta av Gunstein Bakke.