Ein skatt mellom islendingesogene. Sjølv om mangt i soga ikkje er historisk sanning, gir ho eit interessant bilete av Island i landnåmstida, samfunnsorden, moral og rettsoppfatning.
Ein lovnad til guden for grøderikdom, Frøy, set handlinga i gang: Den som rir på hesten Frøyfakse utan Ramnkjells vilje, må bøte med livet. Slik startar historia om hovmod, skam, gudstru og gudstap.
Omsett og med innleiing og merknader av Bjarne Fidjestøl.