Kristin Roset var mellomdistanseløpar og norsk meister på 800-meter tre gonger. Draumen var OL, men den sunne idrettsjenta utvikla alvorlege spiseforstyrrelsar. Vi følgjer Roset frå
ho som ung lovande junior fekk nokre sleivete kommentarar om vekt og form, gjennom år med oppkast, svolt, ekstrem trening, sjølvpålagte reglar, pillemisbruk og desperasjon, til ho fekk den hjelpa ho trong i 2010 og vart frisk.
Roset har gått gjennom år med anoreksi, ortoreksi og bulimi. Dette er ei historie med ein lykkeleg slutt. I dag er Kristin Roset frisk og mamma til vesle Noah. Ho har gjort sitt livs comeback og vil også hjelpa andre som slit med spiseforstyrrelsar.