Boka trekkjer linjer mellom studiesituasjon og sosialt arbeid, og viser studentane korleis deira eigne erfaringar med problemløysing kan vere eit hjelpemiddel når dei skal arbeide med klientar.
Studium og klientarbeid byggjer på ein særskild metodikk der teori og praksis er integrert. Boka tek for seg dei to perspektiva ved sosialt arbeid, samhandling og problemløysing. Forfattaren går systematisk gjennom dette og parallellfører det med studentanes eigen prosess som studentar: problemdefinering, kartlegging, planlegging, iverksetjing og evaluering.
Arbeidsdelen bak i boka er eit praktisk hjelpemiddel med oppgåver for kvar fase i problemløysingsprosessen.
Gurid Aga Askeland er førsteamanuensis ved Diakonhjemmets høgskole. Ho har også utgitt Dokument i klientarbeid (saman med O. Molven) og Internasjonalt sosialt arbeid. Innsats på andres arena.