Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år.
Når Elisabeth flyttar inn, tek det ikkje lange tida før ho ser ting mora ikkje ser, og høyrer kviskring mora ikkje høyrer. Elisabeth begynner å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. Philip trur ikkje på denne historia, og han overtaler Elisabeth til å vere med på å prøve det ut ?
Frå 11 år.