Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine – er det synd eller er det rett og slett sunt?
Kva med å vere så gjerrig at du nektar å gi tilbake flaskepanten, eller å fråtse i god mat og dyre vinar, eller å vere litt hovmodig for å vise at det faktisk er du som har rett? Eller kva med å kjenne det lette sløvsinnet kome når du køyrer bil gjennom Østerdalen og ser berre granskog og granskog og granskog. I mellomalderen var dette dødelege synder. I denne samlinga har sju forfattarar brukt dei sju dødssyndene som inspirasjonskjelde til ei forteljing om her og no.