Innføring i norsk syntaks bygd på den generative grammatikken. Boka gjennomgår dei ulike setningselementa, setningsstruktur og setningstypar, og har ei rekkje praktiske øvingar.
Forfattaren tek for seg sentrale syntaktiske emne som verbale og ikkje-verbale funksjonar, flytting, frasestruktur og frasetypologi, leddstillingsanalyse og setningstypologi. I den teoretiske gjennomgangen står det praktiske føremålet heile tida sentralt: Å lære lesaren å analysere setningar og skrive meiningsfullt om syntaktiske emne.
For studentar i norsk og lingvistiske fag ved universitet og høgskolar.