9. boka i den spennande CHERUB-serien
Eit passasjerfly eksploderer over Atlanteren og 345 menneske døyr. Etterforskinga kan tyde på terrorisme, men politiet står heilt fast.
Ein fortvilt tolvåring ringjer til politiet og seier at han trur far hans står bak eksplosjonen.
Det kan vere eit gjennombrot, men dei har ingen bevis, og guten har ein bakgrunn prega av vald og kjenslemessige problem. Lauren Adams og Jake Parker blir sende for å undersøkje saka, men dei kan ikkje fordra kvarandre. Imens har James problem heime på CHERUB …
Dette er den niande CHERUB-boka. Serien har vunne fleire litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess.
Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut og Gjengkrigen. Rekrutten finst òg som grafisk roman.
Omsett av Øystein Rosse.