Vakker og klok bok om det som rører seg i hovudet vårt av fantasi og tenkte katastrofar.
Med fantasien tek Ada både seg sjølv og bestevennen Rolf lett opp i verdsrommet.
Rolf blir alltid med Ada på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men då den nye jenta kjem inn i gata med ein trampoline, vil heller Rolf ned og få fart og spenning på ekte. Tankane til Ada slår knute og blir tunge som store steinar.
Med Tankespinn har Kari Stai skrive og illustrert ei forteljing om alle dei tankane som kan krølle seg som spagetti inni eit lite hovud, og kva som kan skje når ein tenkjer utan å dele tankane sine med nokon.