I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinna vev ei forteljing, utanfor tid, der håp kjempar mot sorg og undergang.
Debutboka til Catherine Blaavinge Bjørnevog tek lesaren inn i eit mørkt univers, prega av folklore og mytologi. Dikta utmerker seg gjennom eit heilt særeige språk som kan minne om gammalnorsk og ymse norske målføre. Dei skaper ein suggererande rytme som byssar og lullar og sørgjer.