Verdslitteratur og fruktdyrking i Hardanger
Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge (1908-1994) dagbok.
Med nær 4000 boksider av høgste litterære kvalitet er denne dagboka eineståande i sin sjanger, og ho har vore eit kult- og referanseverk sidan utgivinga i 2000. Ho inneheld refleksjonar om litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik.
Her er eit vell av fyndord, ordtak og originale aforismar. Hauge tek også med dei mørkaste stundene – som åra då han var innlagd på sinnssjukehus, samstundes som ein får innsyn i kva som er bakgrunnen for diktinga hans.