Korleis ville denne dagen bli? Ville det bli ein dansedag, ein morodag, ein glitredag?Det kunne ikkje Inger vite med det same ho vakna.
Men dagen gjekk. Det var mykje som hende. Noko var godt, noko var vondt. Små dikt følgde henne heile dagen, og ho såg det så tydeleg …
Slik skriv forfattaren på baksida av denne boka. Han diktar på sin eigen lette, djupe måte om viktige ting i barns liv – og treffer barna heime.