Om brestene i samfunnet – og ekteskapet.
«Desperate personar», opphavleg gitt ut i 1970, er amerikansk romankunst på sitt beste. Det er historia om Otto og Sophie Bentwood, som bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn.
I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit kjøkken i rustfritt stål, og Mercedesen står parkert ved fortauet utanfor. Etter at Sophie blir biten i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekkje små og illevarslande ulykker å heimsøkje livet deira. I eit rikt og detaljert språk blir det gradvis avslørt kva for svakheiter og brestar som finst i eit ekteskap – og eit samfunn – som er i ferd med å falle frå einannan.
«Desperate personar» er ein roman frå Brooklyn.