Det blinde punktet i auget tek ikkje i mot synsinntrykk, derfor fyller hjernen dette punktet med omkringliggjande detaljar for å skape ein heilskap. Med dette som metode nærmar Jon Olav Sørhaug seg overgangane mellom liv og død. Gjennom prosalyriske sekvensar, dialogar og dikt skriv han fram menneske i situasjonar av grenseerfaring, der både forsvinning og tilbliing står sentralt, og der skiljet mellom dei to verdene blir viska ut.
Det blinde punktet er den andre boka til Jon Olav Sørhaug, som debuterte med den kritikarroste Du finst i bølgene i 2007.