I tre tiår har Leon vore ein småkjeltring som ikkje har stukke seg ut, men plutseleg byrjar han å strø om seg med pengar, og politiet lurer på kor dei kjem frå. Dei tilkallar CHERUB, for denne organisasjonen har ein heilt spesiell fordel: Sjølv ikkje garva kriminelle får mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei.
Det siste oppdraget til James kan verke rutinemessig, men når James byrjar å grave dukkar det opp noko heilt uventa, og den einaste som ser ut til å vite sanninga er ein atten år gammal gut. Problemet er berre at guten fall ned frå eit tak og døydde for eit drygt år sidan.
Drapet er bok 4 i den populære CHERUB-serien.
Les også:
Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut, Gjengkrigen, Søvngjengaren og Generalen.
Omsett av Øystein Rosse
Robert Muchamore (f. 1972) arbeidde i mange år som privatetterforskar, men spenningsbøkene hans blei så populære at han slutta som etterforskar. Bøkene hans er no utgitt på over tjue språk.