I denne boka set presten Kari Veiteberg saman og fortel historia til kvar og ei av dei kvinnene vi møter i bibelhistoria. Veiteberg skriv i føreordet til boka at ho håpar Evas d?trer kan føre til at enkelte av dei tradisjonelle tolkingane av Bibelens kvinner vert tekne opp til vurdering, då desse truleg har øydelagt mykje for kvinna.
Resultatet er ei rekkje fascinerande forteljingar. Nokre av kvinnene er namnlause, nokre av dei er velkjende, mens andre har dei fleste av oss aldri høyrt om før. Det finst kvinner i Bibelen som er gode, vakre og trufaste. Men det finst og kvinner som er smarte, egoistiske og utspekulerte, og som lar seg styre av begjær og maktsjuke. Veiteberg går i si tolking og gjenforteljing bak stereotype og einsretta oppfatningar og får i denne boka fram det store mangfaldet i dei kvinneskikkelsane vi møter i Det Nye og Det Gamle Testamentet. Denne boka gir deg moglegheiten til å verta betre kjend med nokre av dei mest sentrale – og ignorerte – kvinneskikkelsane i verdshistorien, kvinner som truleg slett ikkje er så ulike oss sjølve…