Símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet dårleg og rivaliseringa sterk: “Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der.”
Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen: opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og -jentene på land.
Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen.