Då isen forsvann, kunne steinalderfolket bu der dei ville og ikkje der dei måtte. Dei busette seg i eit sund mellom fire øyer, og fekk både lun hamn og tilgang til ope storhav. Langt seinare kom flyplassen til byen. Flygeleiaren har utsikt frå buplassen i vest, mot jaktstaden i aust. Han har gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnsmessige tilhøve i området. Han får familie. Ser dei kvarandre?
Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølve. Andre er så trufaste at dei blir sjuke av det. Det er også ein måte å fare på.
Dette er den andre romanen til Mette Karlsvik. Ho debuterte med Vindauga i matsalen vender mot fjorden, ei bok ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for i 2005.