Av og til blir ikkje dagane heilt som ein har tenkt seg. Slik er det i alle fall for vaktmeister Børre Rydding, vesle Anton, Fyrstinna, gamlefrøknene Pomp og Prakt, for ikkje å snakke om Knut Rask. Dei trur vel alle, bortsett frå Knut, at desse siste dagane før jul skal tusle skeivt bortetter som dei plar gjere. Men det gjer dei altså ikkje.
Eivor Vindenes debuterer med ei humoristisk og herleg forteljing for mellomtrinnet. Alt kan reparerast ei slags julehistorie handlar om nokre usedvanlege, fargerike personar som etter beste evne prøver å leve ved sida av kvarandre i bygarden der dei bur. Dette er ei bok som treffer både barn og vaksne i humor og innhald.
For Alt kan reparerast ei slags julehistorie blei Vindenes tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for 2010.