Då eit CHERUB-team avdekkjer samarbeid mellom økoterroristgruppa Hjelp jorda! og den velståande religiøse sekta Overlevarane, blir James Adams send til Australia på eit spionoppdrag. Det er den tøffaste jobben hans så langt.
Hovudkvarteret til Overlevarane ligg langt ute i bushen, totalt isolert, og denne gongen kjempar James ikkje berre mot terroristar, men også mot hjernevasking. Å halde på sin eigen forstand viser seg å vere ei stor utfordring.
Heilag galskap er bok 5 i den populære CHERUB-serien.
Les også:
Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Mennesket og dyret, Slått ut, Gjengkrigen, Søvngjengaren og Generalen.
Omsett av Øystein Rosse
Robert Muchamore (f. 1972) arbeidde i mange år som privatetterforskar, men spenningsbøkene hans blei så populære at han slutta som etterforskar. Bøkene hans er no utgitt på over tjue språk.