På veg til skulen må Konrad gå forbi huset på haugen. Her finst dei utrulegaste og mest freistande epla ein kan tenkje seg, og Konrad må berre ta eitt.
Men inne i huset bur ei heks. Etter det folk seier, har ho drepe son sin og gravlagt han i myra bak huset.
Heksa er ei bok som tillèt barn å kjenne ekte, ufiltrert spenning.
Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.