EIT NORSK FOTBALLFENOMEN
Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda akkurat no. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City.
Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i den største idretten på verdsbasis?
I denne rikt illustrerte boka får du oppturar, nedturar og den ustoppelege viljen til å bli betre. Boka kan inspirera alle fotballinteresserte som drøymer om å bli fotballproff.
Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen er òg frå Bryne. Han har skrive historia om Erling Braut Haaland.
Boka er illustrert av Thomas Kirkeberg.