Dette er historia om Håkon, yngste son i ein smedfamilie som er sterkt prega av farens brutalitet. Håkon tyr til dei midla han har lært – hard sjølvhevding — for å løfte seg ut av rolla si som underdog. Vi følgjer han i kamp og kjærasteri, i smertelege møte med jamaldringar og vaksne, ein gløgg, liten gutjævel som ser nye impulsar i tida lokke frå verda der ute og true med å dra frå han andre unge menneske han knyter seg til.
Handlinga foregår i eit smelteverkssamfunn på ei tid da eit slikt lukka industrisamfunn enno kunne hevde klassegrenser du ikkje kryssa utan å måtte svi for det. Men verda er i endring, og endringar er gjerne smertefulle.