Hus og interiør handlar om kulturhistorie, og innreiing er i stor grad påverka av moteretningar. Difor er det også verdifullt å dokumentere og å ta vare på dei ulike stilretningane som pregar interiøra i eit distrikt.
Vi ynskjer å syne korleis folk bur og ferierer i Valdres. Dermed blir også dei ytre rammene varierande – frå det storslegne til det nøkterne. Det minste huset i denne boka er ei lita hytte på 50 kvadratmeter. Kontrasten blir dermed stor til villaen på over 1000 kvadratmeter, eller til eit moderne storhotell.
Bli med på ei vandring gjennom interiør som spenner frå det klassisk alderdommelege til det minimalistisk moderne.