I denne praktboka har Herborg Kråkevik samla dei gode, gamle julesongane som familiar har samla seg rundt i generasjonar, og som har gitt trøyst og julefred opp gjennom historia vår. Ho har også teke med advents- og julesongar som står i fare for å hamne i gløymeboka, og julesongar frå nyare tid.
Her finn du songane til gang rundt juletreet og til klassen eller barnekoret som skal opptre i førjulstida. Her finn du songar du kanskje var i ferd med å gløyme og nokre du kanskje aldri har høyrt. I tillegg til dei tradisjonelle songane får du også alle dei nyskrivne julesongane til kvar årgang av nye Juleroser.
«Julesongboka» er illustrert med kunst og dekor frå gamle «Juleroser 1881-1944». Alle songane er med notar og besifring.
«Å ta kvarandre i hendene, gå rundt juletreet og syngja er ein trua tradisjon, men ein umisteleg skatt. Med denne boka håper eg mange vert inspirerte til å hugsa songane og syngja dei i lag.» Herborg Kråkevik