Året er 1967. Verda står på terskelen til ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av New York. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel.
Just Kids er Patti Smiths varme og inderlege kjærleiksforteljing om vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.
Til norsk ved Brit Bildøen.