Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda sør for Mogadishu, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leilegheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum.
Ei tid var dei alle på asylmottaket som ligg i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira.
Katrine Sele (f. 1972) er forfattar og arbeider med kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er fødd i Danmark, men oppvaksen mellom anna i Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho har vunne fleire prisar som journalist, og har blant anna gitt ut bok om kunstnaren Oddvar Torsheim og biografi om Kenneth Sivertsen.