Forteljaren er kunnskapsrik, underhaldande, skarp, audmjuk, humoristisk og alvorleg. Både nyskrivne tekstar og tidlegare presenterte tekstar har fått sin plass her, og dei er alle utstyrte med ingressar som plasserer dei i ein kontekst. Forfattaren har også skrive eit forord.
Tekstane er skrivne med kjærleik til dei små tinga, og dei ofte gløymde eller sjeldan openberre tinga. Lesarane får gjennom essaya også innblikk i forfattarens eiga historie, bakgrunn, interesser og vennskap.