No er han for første gong blitt gjendikta til norsk. Tarkos dyttar på orda og setningane, gjentek diktas innhald til det ekstreme, dikta blir variasjonar over seg sjølve, ein levande orddeig, alvorleg, absurd, menneskeleg. Resultatet er djupt tragisk og djupt humoristisk vi møter ei høne som ikkje er større enn eit egg, ei samling element utan element, ei pyntepute på ein sofa, ein produktiv produksjon. I denne samlinga med 64 diktkasser handlar det om både livshåp og livsdesperasjon.
Cathrine Strøm og Gunnhild Øyehaug står for gjendiktinga frå fransk, og den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson står for etterordet, ein Tarkos-ABC.