Kloke og tenksame dyr, omsorgsfulle dyr, morosame, fantasifulle og utspekulerte dyr. Ingen skal fortelje Olga Meyer at kjæledyra og husdyra våre er sjellause skapningar med liten hjerne og lite hjarte. I mange år har Nitimelyttararne sendt henne brev der dei fortel kva dei har sett og opplevd med dyra sine, og ho har gledd tusen på tusen med å bringe dei vidare, både i radio og bøker.
Dette er den femte boka i serien “Dyrehistorier i Nitimen”, og vi kan berre slå fast: Nordmenn må vere eit dyreelskande folkeferd, og våre vener i tun og tre overraskar, forundrar og gledar oss utan ende!
Som dei andre bøkene i serien, er også denne illustrert av Ellen Wilhelmsen