Under ei nyttårsmaskerade blir Oddny Vangen funne drepen utanfor festlokalet. Det er uklart kven som kan ha hatt motiv for å ta livet av den ugifte 42-åringen, men etter kvart kjem stadig meir av hennar liv og hemmlege draumer for ein dag.
Året er 1970, og politietterforskar Mons Strand er attende i den same bygda han løyste ei mordsak nokre år tidligare. Han er snart innblanda i dramatiske hendingar, styrt av sladder, sjalusi, erotikk, misunning og hat.