“Kvar dag er ein fest, sa ho. Ho sende meg kort med dansande mus der det stod: ´Livet er en lek.` Ho hadde dårleg tid. Reiste masse. Like før ho vart sjuk, reiste ho på Nilen. ( )
Ein dag me kom heim frå skulen, låg det ei høne i vasken. Mor mi hadde reist. Ho hadde fått tilbod om å arbeida som guide. Far min lo då han såg høna.
På den siste reisa var ho ei av dei usikre i reisefølgjet. Kvitkledde reiseleiarar, ukjende bygningar, dobbeltrom, tre- eller firemannsrom, ( ).”