Solveig M. Tjeltveit debuterer med ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren.
Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente og over himmelen fyk ein gut.
Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar skiftar form, lammet leikar ved sida av løva og mangroven veks under bjørka. Dikta er overraskande og temperamentsfulle, og fulle av latter og gråt.