Velskriven og oversiktleg innføringsbok i norsk mellomalderhistorie. Boka handlar om dei drygt tre hundre dramatiske åra då Noreg gjekk frå å vere ei nordisk stormakt til å bli ein underordna del av det dansk-norske riket. Gjennomillustrert i fargar.
Denne boka handlar om dei drygt tre hundre dramatiske åra då Noreg endra seg frå å vere ei nordisk stormakt til å bli ein underordna del av det dansk-norske riket. Det står sentralt i framstillinga å forklare den skiftande alliansepolitikken og det politiske spelet i seinmellomalderen og tida kring reformasjonen. Samstundes blir det lagt vekt på å få fram korleis livet for vanlege folk arta seg, frå dei store pestbølgjene og nedgangstida, til attryddinga, aukande skattetrykk og skjerpa konfliktar mellom bondesamfunnet og eliten. Kyrkja og religionen får brei plass og blir både sett nedanfrå som eit disiplinerande innslag i dagleglivet, og ovanfrå som ei samfunnsmakt på vikande front.