På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?
Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og like etter forsvinn Odel.
Liv har sine eigne måtar å finne svar på. I draumar får ho høve til å sjå Odel på nært hald, der ho kryssar det snødekte fjellet til hest i måneskin. Frå dei hemmelege romma sine – i hundekorga under kjøkkenbordet, i kråa på stua og framfor elden i kammerset om kvelden – lagar Liv forklaringar og historier.