Halvparten av dei over 20 bøkene han har forfatta, har handla om Oluf, ho Emma og han Lars og andre i Rallkattlia, og mange av desse Oluf-bøkene toppa dei norske bestseljarlistene fleire år på rad. I denne samlinga har Arntzen i samarbeid med Kjell Snerte gjort eit utval av dei beste historiene om Oluf, og dei har samtidig gjort ei mild revidering og konsekvent oppretting av den særeigne språktonen. Kjell Snerte har skrive forordet, og historiene om Oluf er som vanleg illustrerte av Dagfinn Bakke.
Arthur Arntzen er journalist og forfattar. Arntzen har dokumentert nordnorsk humor og lynne gjennom sine mange bøker, og han har opparbeidd seg ein eineståande posisjon i nordnorsk kulturliv.