Pizza med skinke og sjampinjong er den første boka om Moa og Samuel
Moa har kjent Samuel heilt sidan barnehagen. Ho trur ho veit akkurat korleis han er; den mest bråkete fyren i klassen, men også ein racer på skateboard.
Men denne fredagen – når ho skal på disko for første gong i sitt liv, men må sitje barnevakt – kven er det som står i døra? Jo, Samuel. Og i armane har han ein MammaMoa-pizza for å trøyste henne. Kven skulle trudd det om Surre-Samuel?
Les også: Pizza med skinke og sjampinjong, Hamburgar og Coca-Cola, Potetgull og graffiti, Lussekatt i lucianatt, For ei suppe!, Vatn og brød og Smak på denne!.
Gull Åkerblom er svensk barnebokforfattar. Serien om Moa og Samuel er illustrert av Karin Södergren og omsett av Eva Jensen.