Nordnes Sjøbad pumpar opp nytt vatn kvar morgon, og varmar det opp til kroppstemperatur. Vannstanden i Puddefjorden stig. Å krisemaksimere klimajournalistikken kan på sitt beste vere ei slags demokratiets høgdetrening: Dette er miljøet som Tommine kjem til når ho går mot den straumen som flyttar heim til Kristiansund. Tommine ville vere ein gamaldags, anonym og befriande rotlaus student i Bergen. Men på hamna i Kristiansund står også den viljesterke Pola. Også ho skal til Bergen. Dei tek følgje til Tommine finn raude T-ar i Stølsheimen, og følgjer disse. T-ane tek slutt der Blåisen begynner. Tommine blir bitt til eit tau for å krysse Blåisen på ein forsvarleg måte.
Pol er ei samling sprettande tekstar som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk, sjø og sjøbadet som pumpar vatn opp frå fjorden. Mette Karlsvik fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris 2005 for romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden. I 2007 kom Flytårn, ein roman som til fulle viste at ho er ein av dei mest spennande, unge forfattarane her i landet.