Dette er den spektakulære historia om den kjende sudanesiske journalisten og FN-arbeidaren Lubna Ahmad al-Hussein som vart arrestert 2. juli 2009 i ein restaurant i Kartoum fordi ho gjekk med bukser. Ho vart dømd til 40 piskeslag. Saka hennar er ikkje unik 43 000 sudanesiske kvinner vart arrestert av same grunner i 2008.
I denne svært personlege historia fortel Lubna Ahmad al-Hussein om erfaringane som har forma livet hennar og om den modige kampen ho fører mot sudanesiske styremakter og landets sharialovar. På grunn av sitt mot og handlingar er Lubna Ahmad al-Hussein blitt eit ikon for kvinners rettar over heile verda.
Omsett av Grete Kleppen.