“Eg klatrar, eg har rulla skjørtet opp og teke av skorne. Eg tek tak med tær og fingrar som ein ape. Føtene mine leitar som i draume. Det er vanskelegare enn eg hadde tenkt meg, men eg gjer det. Få, omveltande sekund vil det ta å passere frå den eine sida av gjerdet til den andre.
Salt for auga. Som barn stansa eg framfor plankeverket utan å ha mot til å klatre over det. Eg veit ikkej kvifor eg vil inn til det framande huset eller kvifor eg ikkje heller tek stien ute frå vegen.”