Odar om natur og menneske.
Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen
Wheatfield – ein konfrontasjon – ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan. Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks.
Hendingane den 11. september 2001 gav installasjonen ein ny og tydelegare relevans. I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om denne berømte installasjonen og skriv odar til mellom anna DNA-molekylet, til havren, til steinkolet og til kvaloljen,
dikt som omfattar natur, teknologi og menneske.