Aurora synest livet er så gørr kjedeleg at ho bestemmer seg for å skrive dagbok. Ho meiner at ingenting skjer, men lesaren ler høgt med henne når ho skriv om dei irriterande systrene sine, den teite faren, den nysgjerrige bestemora, den håplause lærarinna og den smellvakre guten ho ikkje veit namnet på.
Marie Desplechin er ein fransk forfattar og journalist, og ho har skrive over tretti bøker for barn og unge.
Boka er omsett av Tove Bakke.