Han var engasjert i likbrenningssaka, og han var kjent som Flagg-Berner mannen bak det reine norske flagget.
Han var borgarmeister i Kristiania i 15 år, og før det hadde han vore direktør i Hypotekbanken like lenge. Og statsrevisor endå lengre
.
Hagbard Berner var eit prisme for si tid. Ein radikal blekksprut og strateg, som visste kor viktig det var med organisering og alliansebygging.
Han sto midt oppe i det store venstreprosjektet som forandra Noreg i siste halvdel av 1800-talet. Dette er eit portrett av ein mann, hans miljø og hans tid.
Ei tid då alt var politikk.