Språket fangar, heiter det. Samstundes vert det hevda at krigens første offer er sanninga. I dag kjempar ein mot terror så vel som klimautslepp. Kampen mellom det gode og det onde omsluttar oss. Om ein undersøker språket og argumenta, bileta og forteljingane i slike kampar – kva finn ein då? Jau, påstanden om verdas ende.
Apokalypse nå igjen? undersøkjer den kanskje mest dominerande av alle forteljingar, den om verdas undergang, og viser at skal ein forstå samtida må ein forstå apokalypsen. Den apokalyptiske retorikken er konspirasjonsteoriens brutale fetter, og forklarar fleire store fenomen ut frå kampen mellom det gode og det vonde. Og vinn dei onde, så er det ute med oss.