Tor Arve Røsslands bøker om Pode er moderne barnebokklassikarar som har blitt svært populære. Bøkene om Pode er underfundige og morosame og var med på å etablere Røssland som ein populær barnebokforfattar.
I Da Vinci-poden får Pode uventa hjelp når han er i nød på eit kunstmuseum. Da Vinci-poden var ei av to heilt nye forteljingar med i samleutgåva som kom ut i høve Røsslands 20-årsjubileum som forfattar i 2020.