BRRRROOOOOOOIIIIIIP!!!!!!
Kva er den rare lyden i barnehagen? Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere?
Maren er sikker i si sak – det må vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne.