Jon Fosse fekk sitt gjennombrot som dramatikar i 1996, då Nokon kjem til å komme hadde urpremiere på Det Norske Teateret. Sidan har han skrive meir enn tjue teaterstykke, og er no den mest spelte europeiske samtidsdramatikaren.
Leif Zern ( f. 1939) er teaterkritiker i Dagens Nyheter i Sverige. Han har gitt ut fleire bøker om teater og også skrive ei bok om filmskaparen Ingmar Bergman. Zern har i ei årrekke kommentert europeisk samtidsdramatikk, og har følgt Jon Fosses dramatiske produksjon heilt frå byrjinga tidleg på nitti-talet