Sigbjørn Heie debuterte i 1972 med diktsamlinga Bilete. Han markerte seg straks som ei særeigen stemme i norsk lyrikk. Dikta hans er sanselege og skaper rom for ettertanke og innsikt. Denne samlinga er eit representativt utval av dikta forfattaren har skrive frå debuten og fram til 1997. Denne utgåva inneheld eit nytt intervju med Heie ved Per Olav Kaldestad
og Einar Økland.
I draumstill skog
Lita jente snusar mjukt
på sommarbrune hender
og dagens travle lukt
følgjer henne inn
i draumstill skog
der fuglar flyg
med nye tonar
frå opne nebb